Personvern
Rolf Taraldset · Org.nr. NO 954 638 553 MVA · Seljesetvegen 103, 6763 Hornindal · rolf@taraldset.org · +47 908 61 443
Verksemda nemnd øvst på sida er behandlingsansvarleg.
Informasjonskapslar
Nettstaden set éin informasjonskapsel, language, som hugsar valt språk i eitt år. Han inneheld berre en, no eller de, identifiserer ingen, og krev ikkje samtykke.
Besøksstatistikk
Besøk blir talde utan informasjonskapslar og utan lagring av personopplysningar.
Serverloggar
Vevtenaren loggar IP-adresse, tidspunkt, kva side som vart henta, og nettlesartype, for drift og for å oppdage feil og misbruk. Grunnlaget er rettkomen interesse, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f. Loggane blir sletta etter 30 dagar.
Tredjepartar
Filmen på kurssida er lagd inn frå youtube-nocookie.com og hentar ingenting før han blir spelt av; avspelinga følgjer då YouTube sine personvernvilkår.
Det blir ikkje nytta annonsenettverk eller sporingspikslar, og ingen data blir delte for marknadsføring.
Bestillingar
Ved påmelding til kurs og kjøp av teikninga blir namn, e-postadresse og telefonnummer lagra for å gjennomføre bestillinga. Grunnlaget er oppfylling av avtale, jf. artikkel 6 nr. 1 bokstav b. Bestillingar blir oppbevarte i fem år, som bokføringslova krev.
Betalinga blir handsama av Vipps MobilePay eller Stripe, som er sjølvstendig behandlingsansvarlege for si eiga behandling. Kortopplysningar blir aldri mottekne eller lagra.
Teikninga blir stempla med namnet til kjøparen og ordrenummeret. For kvar nedlasting blir tidspunkt og IP-adresse registrerte, for å vise om ei nedlastingslenkje blir delt. Grunnlaget er rettkomen interesse, jf. artikkel 6 nr. 1 bokstav f. Registreringa blir sletta saman med ordren.
E-postliste
Ved påmelding til lista blir e-postadressa og dei valde emna lagra. Grunnlaget er samtykke, jf. artikkel 6 nr. 1 bokstav a og marknadsføringslova § 15. Ingen ekstern e-post- eller marknadsføringsteneste blir nytta.
Kvart brev har ei lenkje til ei side der abonnementet kan endrast eller avsluttast når som helst. Ei adresse som melder seg av alle lister, blir berre ståande som ei notering om at ho ikkje skal kontaktast.
Rettane dine
Du kan be om innsyn i, retting og sletting av opplysningane dine, få dei utleverte i eit maskinlesbart format, og protestere mot behandling som byggjer på rettkomen interesse. Førespurnader blir sende til rolf@taraldset.org og svara på innan ein månad. Klage kan rettast til Datatilsynet.
Endringar
Denne erklæringa gjeld frå 10. september 2026.
Få tilsendt lenkja for å melde adressa di av eller på e-postlistene.
Om adressa finst hjå oss, ligg det ei lenkje i innboksen din om litt.