Aktuelt

Kursdatoane for 2027 er klare

Helg-, kvelds- og sommarkurs i Hornindal. Sjå datoane og meld deg på.

Instruksjonsfilmen er no gratis!

Akantusklokka steg for steg, gratis i full lengd.

Klokketeikninga kan ein kjøpe for digital levering, med liste over verktøya som er i bruk.

Tysk fjernsynsreportasje

NDR i Nordfjord, med Rolf som treskjeraren bak Myklebustskipet.

Rolf står ved høvelbenken i verkstaden med hendene på benken. Framme i biletet ligg ein lang, halvskoren stamn i lyst tre som endar i eit krølla hovud, og bak han heng ein stor sjablong av eit drakehovud på veggen.
Bilete: NDR / Ostseereport

Reportasjen gjekk i magasinet Ostseereport i august, med gondolen på Hoven, klatrestigar i fjellet og vikingskip. Om lag fem minutt inn står Rolf i verkstaden og fortel om drakehovudet og halen til Myklebustskipet, og om ornamentet som måtte teiknast frå grunnen.

Besøk frå NRK Vestland

Kva er det som gjer at ein aldri blir lei av treet? NRK Vestland stakk innom verkstaden i Hornindal for å finne ut av det.