Verk

Ulvikportalen

Rekonstruksjon av Ulvik stavkyrkjeportal frå ca. 1150

Ulvikportalen er ein av dei fremste utskorne portalane frå den norske mellomalderen — laga kring år 1150 til den gamle stavkyrkja i Ulvik i Hardanger. Dette er Rolf Taraldset sin rekonstruksjon av han, skoren på ny i to delar av heile emne i malmfure, same treet som originalen. Kvar side veg kring hundre kilo. Det er inga løyndom at dette var eit krevjande stykke arbeid — eller eit par — som voks fram over fleire år.

Det er imponerande kva treskjerarane fekk til på si tid: meir enn éi hand har vore i arbeid, og kvaliteten på originalen skiftar frå del til del, men heilskapen er verkeleg meisterleg. For å nå inn dit dei nådde, laut Rolf lage nytt verktøy sjølv.

Det er ikkje kopiarbeid, det er ein rekonstruksjon. Fleire stader er mønsteret på originalen slite tynt eller heilt borte, og skurden ber dessutan merke etter seinare bruk — ikkje alt er gjeve. Det som manglar, må tenkjast tilbake ut frå det som står att: ved å lese sjølve uttrykket i portalen, måten formene gjentek seg og svarar kvarandre på, og med den forståinga og det auget som skal til for å få harmonien til å gå opp. Teikna og teikna om til linja finn vegen heim. Det som står fram er over 850 år i røtene, men og noko heilt nytt, levande og eige — portalen har fått sin gjenoppstandelse og eit nytt liv i eit nytt verk.

Til sist er det overflata som vekkjer skurden. Relieffet går djupt — somme stader svært djupt — så heile portalen vaknar i skugge når lyset fell lågt og på skrå. Treolje, og ein mørkare olje lagd i botnen, dreg djupnene fram så lys og skugge fell der dei skal, til verket står så nær originalen som det kan kome. Han kan sjåast hjå Bryggen Husflid i Bergen.

Originalen Frå Ulvik stavkyrkje
Ulvikportalen
Foto av originalen: Svein Skare, Universitetsmuseet i Bergen.

Originalen er anslått å vere frå 1150-talet, og han vert rekna mellom dei flottaste kyrkjeportalane som er laga i Noreg — ein komposisjon der dei same motiva kjem att frå portal til portal gjennom mellomalderen.

Ulvik stavkyrkje, som portalen ein gong høyrde til, rekk langt attende: kyrkja er nemnd frå 1309, og portalen er endå eldre. Ho stod til 1700-talet, då ho vart riven og ei ny kyrkje reist i staden. Den gamle portalen vart teken vare på og sett inn i den nye inngangen, men han stod for høgt — så toppen vart kappa av, og treet vart hogge ut for hengsler på den eine sida og lås på den andre. Det vi i dag ville kalle hærverk, var den gongen berre gjenbruk. Dei to svære utskorne stolpane kviler i dag i Universitetsmuseet i Bergen.

I den tapte toppen, over døra, var det truleg skore to drakar med breie vengespenn, slik ein finn det på andre portalar frå tida. Nede i høgre hjørne sit framleis det som liknar ei løve — eigentleg eit drakehovud, eit motiv som går att på kyrkjeportalar heilt frå vikingtida. Mellom det tapet og over 850 år med vêr og vind vart rekonstruksjonen ei gåte verd å løyse.