rolftaraldset.com
Vilkår for kjøp
Rolf Taraldset · Org.nr. NO 954 638 553 MVA · Seljesetvegen 103, 6763 Hornindal · rolf@taraldset.org · +47 908 61 443
Desse vilkåra gjeld kjøp frå seljaren nemnd øvst på sida: plass på treskjerarkurs, og teikninga til akantusklokka som digital fil.
Treskjerarkurs
Påmelding og betaling
Heile kursavgifta blir betalt med Vipps eller kort ved påmelding. Påmeldinga er bindande, og plassen reservert, når betalinga er stadfesta. Stadfesting med dato, tid, stad og kva ein skal ha med, blir send på e-post.
Kursavgifta dekkjer undervisning, bruk av verktøy, og materiell til arbeidet på kurset. Reise, overnatting og mat er ikkje inkludert.
Avbod frå deltakar
Kursavgifta blir ikkje betalt tilbake ved avbod. Plassen kan overførast til ein annan person utan kostnad: send ordrenummeret og namn og kontaktinformasjon til den nye deltakaren til rolf@taraldset.org.
Sjukdom gir ikkje rett til å flytte plassen til eit anna kurs, men er det ledig på eit seinare kurs, kan flytting avtalast.
Avlysing frå seljar
Eit kurs kan avlysast ved for få påmelde, seinast 21 dagar før kursstart, med full refusjon. Blir kurset avlyst av andre grunnar, vel deltakaren mellom plass på eit seinare kurs og full refusjon.
Refusjon går til betalingsmåten som vart nytta. Reise, overnatting og andre kostnader i samband med kurset blir ikkje dekte.
Angrerett
Eit kurs er ein fritidsaktivitet med avtalt tidspunkt og er unnateke angreretten på 14 dagar, jf. angrerettlova § 22 bokstav l. Avbodsvilkåra over gjeld i staden.
Teikninga til klokka
Teikninga er ein PDF av klokka i full storleik, 1:1, betalt med Vipps eller kort ved bestilling. Urverket følgjer ikkje med.
Levering
Teikninga blir levert så snart betalinga er registrert. Nedlastingslenkja blir vist på kvitteringssida og send på e-post, og gjeld i 30 dagar. Ny lenkje kan skrivast ut på førespurnad.
Lisens
Kvar kopi er stempla med namnet til kjøparen og ordrenummeret. Lisensvilkåra står trykte i talskiva på teikninga:
- Teikninga er lisensiert til éin person.
- Teikninga kan ikkje delast, overdragast eller seljast vidare, korkje fysisk, digitalt eller i omarbeidd form.
- Lisensen gir løyve til framstilling av enkeltstykke skorne i tre basert på teikninga, til privat bruk eller som gåve, ikkje til anna fysisk eller digital framstilling, og ikkje til kommersiell utnytting.
- Ved publisering av bilete eller film o.l. av ferdig arbeid skal Rolf Taraldset krediterast.
- Brot på vilkåra opphevar lisensen.
Filer laga etter teikninga fell inn under dei same vilkåra. Sal av arbeid laga etter teikninga krev førehandsavtale med Rolf Taraldset. Teikninga er © Rolf Taraldset.
Angrerett
Teikninga blir levert digitalt og straks. Ved bestilling samtykkjer kjøparen til dette og stadfestar at angreretten då fell bort, jf. angrerettlova § 22 bokstav n.
Personopplysningar
Sjå personvernerklæringa.
Klage
Klage blir send til rolf@taraldset.org. Blir partane ikkje samde, kan saka bringast inn for Forbrukartilsynet, eller for kjøparar i eit anna EØS-land, EU-kommisjonens klageportal.
Norsk rett gjeld, utan å avgrense dei ufråvikelege forbrukarrettane i landet kjøparen bur i.
Endringar
Desse vilkåra gjeld frå 10. september 2026. Eit kjøp følgjer vilkåra som gjaldt då det vart gjort.